HILDO

Velkomen til folkemusikkinspirert jazzkveld på Kuben! «Hildo» heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Det finst fleire segn og folketonar til ære for klokka, som var kjend for sin uvanlege fine og sterke klang.

HILDO er eit nytt samarbeid med Riksscenen som hadde premiere på Vossa Jazz 2018. Den fantastiske gjengen kjente og kjære musikarar, med Brunborg og Opheim i 

spissen, har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar frå mellom anna Voss, Sogn og Hardanger, og serverer desse i nye arrangement og med nykomponerte tema. 

Tore Brunborg – saksofon

Berit Opheim – vokal

Kåre Opheim – trommer og perkusjon

Steinar Raknes – kontrabass

Stein Urheim – ulike strengeinstrument

------------

Det er frie plassar og ikkje plassreservering for denne konserten. Billettar kan de kjøpe her på nettsidene eller på Kulturhuset Kuben i bibliotekskranken (kvardagar 9-16, onsdagar 9-20).

Merk at vi her tilbyr låg billettpris for alle, sterkt rabatterte billettar for barn, rabatterte billettar til pensjonistar gjennom den kulturelle spaserstokken, samt gratis inngang for alle pensjonistar som mottek offentlig omsorg gjennom Grong Helse- og omsorgssenter, heimehjelp/ heimesjukepleie med valfri ledsagar.


Billetter til HILDO

  1. Tor 21. nov kl 18:00 200/50 kr   Symfoni Namsen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_