Odd Norstoga

Den folkekjære visesongaren Odd Nordstoga kjem til Grong med ein heilt spesiell konsert, "Min eigen song". Billettsalet opnar når IN-messa på Kuben opnar fredag 8. Nov kl. 14 både på nett og i vår skranke.

Etter eit sjølvpålagt nesten konsertfritt år er det med stor spelelyst 2020 blir sett i gang med ein omfattande soloturne.

På TV kan du sjå han på «Hver gang vi møtes» og truleg blir det eit par låtar med derfrå ut i konsertsalane.

Kanskje også ein smakebit frå eit nytt soloalbum som kjem i løpet av året, men både Frøken Franzen og 

Farfar blir nok fornærma om dei blir sett til sides, så dei må få vera med.

Utover det får berre den som ser sjå. Heilt sikkert er det at Noregs svar på Odd Nordstoga, han kjem. 

Og han er kjempeglad for å koma ut på tur og møte folk igjen, og vil strekke seg langt for at folk skal bli glade.

Fotokred: Lasse Fløde 


Billetter til Odd Norstoga

  1. Tir 25. feb kl 19:00 400 kr   Symfoni Namsen Få billetter
Vis hele programmet
_
_
_