Rundtomkring - sanger fra Grong

Eit større prosjekt har samla og spelt inn mange songar frå Grong. No er resultatet klart og blir lansert i foredrags- og musikalsk form i kinosalen på Kuben under IN-messa fredag 8. november kl. 19! Fri inngang.

Ideen til prosjektet kom frå Helge Formo, og tanken var å samle bygde-/grendeviser frå Grong. Utgangspunktet skulle vere songar frå rundt 1960 og eldre. Arbeidet viste at det ikkje var så enkelt, og det innsamla materialet strekkjer seg til slutt over ein periode på ca. 100 år, frå både før og etter 1960. Namnet «Rundomkring» har vi tatt frå namnet på ein rekkje med arrangement som gjekk rundomkring på Bergsmoen før Nordtun vart bygd.

Vi samla folk frå både Gauken, Grong teaterlag, Harran UL og andre amatørar til å stå for både musikk og song. Etter at innsamlinga var i boks, drog vi til Audun Austli sitt studio, Tomemakeriet, på Snåsa for å gjere innspelingane. Ein song er også spela inn heime hos Marit Vedvik og Eskil Kløften i Bjugn, og ein blei teke opp i Bondetamp studio hos Harald Rossetnes på Gartland.  

Resultatet er samla i eit dokument som er lagt på minnepenn saman med lydfilene, og det blir etter kvart også å finne i ei open gruppe på Facebook. 

Vokalistane for prosjektet er: Helge Formo, Barbro Formo, Torleif Formo, Pål Heia, Steinar Olav Gartland, Emeli Sagmo Lauve, Svein Vikestad, Olav Bergsmoen, Ole Martin Kolberg, Marit Vedvik og Maria Fiskum. 

Dei som står for musikken er: Helge Formo (keyboard), Leif Steinar Fiskum (trekkspill), Arne Heggum (gitar/bass), Frode Wold (piano), Magnar Fiskum (piano), Audun Austli (bass) og Pål Wegg (piano/gitar/programmering) 

Fri inngang for alle med messebillett! 


Billetter til Rundtomkring - sanger fra Grong

  1. Fre 8. nov kl 18:00 Grong Sparebanksalen Gratis
Vis hele programmet
_
_
_