1

Vond Vinter med Blodsmak og Blånæggel

Dei er ljoden av hammaren mot ambolten, lukta tå kvae og diesel. Dei er svin på skogen. Dei er rusten kjetting og heil ved, med rim i både skjegg og velmeinte tekstar. Dei speler musikk med oppbretta erme og hår på, musikk som får lov til å vere ute heile natta. Blodsmak er tung folkrock med smak av kvae og diesel. På nynorsk. Og vi får eit attersyn med våre "eigne punkheltar" i Blånæggel. Kan hende det kjem fleire?

BLODSMAK: Tung folkrock med smak av kvae og diesel. På nynorsk.

Bandet: Blodsmak består av fem karar med lang fartstid i musikkbransjen. Med ektefølte tekstar, solid botndrag og musikk i krosspunktet mellom dyrisk og lyrisk, garanterer vi heidundrande konsertar som ville gitt Ivar Aasen, Arne Garborg og Tarjei Vesaas tårer i augo.

Musikken: Musikalsk ligg Blodsmak ein stad i området mellom 80-tals heavy, feit stonerrock og folkemusikkhalvtimen, tilsett ei ørlita klype prog. Dei leverer musikk med uterøyst, men har knallhardt fokus på det melodiøse og allsongvenlege refrenget som festar seg til hjernebarken som flått i elgpels. 

Tekstane: Trass i at ingen av bandmedlemmene høyrer til det tunge brukarmiljøet av målfolk, får bandet sitt tungrockunivers ekstra farge og rosemåling av nynorsken. Tekstmessig røyrer ein seg i ei pseudo-folklorisk verd, ein ubestemt tidsepoke då Noreg i all hovudsak var av villmenn i villmarka, skogen var full av underjordiske og dauden var livet sin tvillingbror. Stikkord er svik, lengt, kjærleik, daud og tilgjeving. I det heile tatt; små vignettar om store kjensler HENTA FRÅ ROCKIPEDIA

BLÅNÆGGEL er no eit trondheimsbasert punkrockband med sterke røter frå Grong og Høylandet med Ola Peder Skarland / Vokal, Lasse Strand / Rytm. gitar, Bernhard Westerhus / Gitar, Mads McTasty / Trommer, Ida Maria Vie / Bass, Håvard Alvarez / leiande gitar

 

 

Billetter til Vond Vinter med Blodsmak og Blånæggel

  1. Tor 21. feb kl 20:30 250 kr   Symfoni Namsen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_